top of page

Grendahuset Framheim 1956

Grendahuset «Framheim» - historia

I august 1953 kjøpte Undomslaget «Fram» ein parsell med bruksnamn «Tunet» . Og i 1956 stod Ungdomshuset «Framheim» ferdig reist i Eidesjøen.

Dette var eit samlingspunkt for bygdene Hammersland, Tveita, Eide, Eidesund, Vorland, Spilde og Asphaug.

I 1976 fekk U.L. Fram tillatelse til å føra opp eit tilbygg mot nord og her blei den nye scenen med garderober og møterom bygd.

I mange år vart det driven bygdekino i huset, i tillegg til dans for både stiler og byfolk og utleige til private. Det hadde eigen revy og teatergruppe og eit aktiv turlag.

I 2015 blei U.L. Fram oppløyst og huset var overført til Eidesjøen Grendelag. Huset er no drevet av eit eige husstyre som sitt under Eidesjøen Grendelag. Sidan overtakelsen har ein jobba med å oppgradera og vedlikehald av huset.

Husstyre fokuserar på å lage arrangement som passer alle aldergruppe.

Praktiske opplysninger

Salen er ca. 140cm2 i tillegg til eige kjøkken, dame-, herre- og eit rullestoltilpassa toalett, scene mm.

Huset har plass til ca 150 personar. S

alen har 3 tilkomst dører og 2 av desse er tilpassa rullestolbrukar.

Salen har 20 sammenleggbare bord og 3 traller med sammenleggbare stoler, som er ca 5 år gamle. Samt mange stablestolar.

Kjøkkenet har ny Steamer, 3 kjøleskap og ein «vanlig» komfyr m/steikeovn. Det er 3 kaffetraktere og ellers fult nytt utstyrt til å dekke til ca. 100 personer.

Sal, kjøkken og inngangsparti har nye brannsluknings apparat (2020), samt røykvarslere montert ved inngang og på kjøkken.

Akriviteter i huset

Det er årleg basar i huset til inntekt for drift og vedlikehald.

 Quiz eit par gonger i året og regelmessige diskotek for barneskulane.

Julerverkstaden i november og desember har vore svært populært.

Vi har og hatt loppemarknad, juletrefest og hausten 2020 blei det starta opp ei dansegruppe for 1-4 klassinger.

Huset er mykje utleigd til bursdagsselskap både til store og små, samt konfirmasjonar, dåp og bryllaup.

Dugnadsarbeid og vedlikehald

Det pågår heile tida oppgraderinger av huset. Den siste tida har ein jobba dugnad med å få ferdigstilt møterom og gang i 2.etg. 

Vi er òg no klare til å starte med vårt neste prosjekt:

Renovering av taket på den "nye" delen. 

Her har vi i fleire år jobba med å skaffe nok penger til å starte prosjektet. Både Sparebanken Vest, Sund kommune og tilslutt no Kulturminne fondet støtter oss med midler slik at vi no kan reparere og utbedre taket som stadig vekk har nye lekkasjer.

Denne jobben skal Blikk. Vidar Haugjord ta for oss.

Me ser fram til å starta!

Kontakt:

For avtale om utleige, kontakt: eidesjoen.grendahus@gmail.com

Pris for utleige 
bottom of page